11. Helse og levekår

Eldreomsorg - institusjonsplassar

Auken i talet eldre utfordrar kommunal tenesteproduksjon

Talet på eldre vil dei neste 15 åra auke mykje i heile landet. I Møre og Romsdal blir det 72 prosent fleire eldre over 80 år i 2040. Dette vil utfordre kommunane i å tenke nytt i forhold til tenestene som skal leverast til denne gruppa. Med nedgang i talet unge og i talet yrkesaktive, blir det «kamp» om arbeidskrafta i tiåra som kjem. Å få rekruttert nok arbeidstakarar til helse- og omsorgssektoren, og ta i bruk nye arbeidsformer, blir ei viktig og stor oppgåve for kommunane framover.

Kommunane rapporterer mykje data om helse- og omsorgssektoren i eigen kommune, gjennom Kostra-rapporteringa (Kommune-Stat-rapporteringa). Blant anna blir det rapportert delen av dei som er 80 år og eldre som har hatt opphald på institusjon, og dei som har fått heimebasert omsorg. Ved hjelp av befolkningsframskrivingane er det mogleg å framskrive kor mange som i framtida vil ha behov for hjelp. Det er viktig å påpeike at vi då tek utgangspunkt i at dekningsgraden for dei ulike tenestene er som i dag, noko som sjølvsagt ikkje er gitt. Alle kommunar ønsker å utvikle effektive tenester på dette området, og det blir diskutert korleis ein kan utnytte teknologien, og korleis ein kan sette inn tenester på lågaste nivå i «omsorgstrappa». Det gir likevel eit bilete på korleis auken i talet eldre vil påverke tenesteproduksjonen i denne sektoren.

I Møre og Romsdal var det i snitt 28,5 prosent av personar i alderen 80 år og eldre som i 2024 fekk heimebasert omsorg. Dette kan vere tenester av ulik karakter og omfang. I 2024 utgjer dette 4 078 personar. I 2040 vil dette auke til 7 334 personar om tenestenivået er det same og like mange har behov.

I 2024 var det 9,1 prosent av personar i alderen 80 år og eldre i fylket, som hadde hatt institusjonsopphald, det vil seie 1 311 personar. I 2040 vil dette auke til 2 358 personar, med andre ord ei radikal endring i omsorgsbehovet.

Det varierer litt kommunane imellom kor stor del av dei over 80 som mottek tenester. I 2024 var det til dømes 22,7 prosent av 80-årigane som fekk heimebasert omsorg i Molde, mens det i Aure var 40,8 prosent. Veksten i talet eldre i den enkelte kommune, og tenestene sin dekningsgrad er avgjerande for kor mykje behova vil endre seg fram mot 2040. Kor og korleis dei eldre bur, vil også kunne spele inn på tenestebehovet og omfanget.

Forrige tema:
Neste tema: