1. Demografi

Innvandring

Nedgang i innvandringa

Sjølv om det var eit lite fødselsoverskot i fylket i 2024 er det innvandringa som er hovudårsaka til veksten i folketalet. I 2024 var det ei nettoinnvandring til fylket på 2 005 personar, ein nedgang frå 2023 på 633 personar.

Flest innvandrarar frå Ukraina i fylket

Det er no flest innvandrarar frå Ukraina i Møre og Romsdal. Som følge av Russland sin invasjon av Ukraina har mange ukrainarar flykta frå krigshandlingane i heimlandet. Ved inngangen til 2025 var det 6 215 innvandrar frå Ukraina i Møre og Romsdal, ein auke på 1 312 personar eller 26,8 prosent frå 2024. Innvandringa frå Polen og Litauen, som over lang tid har vore dei to største innvandringsgruppene i fylket, har no stoppa opp. Talet på innvandrarar frå Polen og Litauen har berre auka med høvesvis 60 og 48 personar frå 2024 til 2025. Ved inngangen til 2025 var det 5 869 og 3 285 innvandrarar frå Polen og Litauen i fylket. Som følge av utvidinga av EU i 2004 og 2007 vart det etter kvart høg arbeidsinnvandring frå Aust-Europa. Fleire land i Aust-Europa, som Polen og Litauen, fekk då tilgang til arbeidsmarknaden i EU- og EØS-land. I 2012 var nettoinnvandringa til fylket på 3 090 personar. Nettoinnvandringa til fylket falt i åra etter dette, fram til 2022, då flyktningane frå Ukraina kom til landet.

Polakkar er den største innvandrarbefolkninga

Ser vi heile innvandrarbefolkninga under eitt, altså reknar med barn av innvandrarar, så er det framleis flest polakkar i Møre og Romsdal. Det er fleire barn i Noreg med opphav frå Polen enn det er frå Ukraina, noko som er naturleg sidan innvandringa frå Polen starta langt tidlegare. 1. januar 2025 utgjorde innvandrarbefolkninga frå Polen 6 813 personar, til samanlikning var det 6 326 personar frå Ukraina i fylket.

Innvandrarbefolkninga utgjer ein stor del av innbyggarane i fylket

I kommunane Stranda, Sande og Haram utgjer innvandrarbefolkninga 25,0, 23,6 og 20,3 prosent av innbyggarane i kommunen. Med andre ord er ¼ av befolkninga i Stranda av utanlandsk opphav. Desse tre kommunane har den største innvandrarbefolkninga, sett i forhold til folketalet, av kommunane i Møre og Romsdal. For heile fylket samla utgjer innvandrarbefolkninga 16,3 prosent av innbyggarane. Ser vi heile landet under eitt er 21,4 prosent av innbyggarane innvandrarar eller barn av innvandrarar.

Forrige tema:
Neste tema: