Høgast sysselsettingsgrad i Stranda kommune
Sysselsettingsgraden seier noko om kor stor del av befolkninga som er i arbeid. I 4. kvartal 2024 hadde 68,9 prosent av innbyggarane i Møre og Romsdal mellom 15-74 år inntektsgivande arbeid*. Dette er så vidt over landsgjennomsnittet som var 68,4 prosent. Andelen gjekk ned frå 2006 til 2016, for så å auke fram til korona-året 2020. Etter 2021 er sysselsettingsgraden omtrent uendra, det er den også siste året.
Både nasjonalt og i Møre og Romsdal er sysselsettingsgraden høgare hos menn enn kvinner. I fylket er sysselsettingsgraden hos menn 71,6 prosent mot 65,9 prosent hos kvinner.
Det er høgast sysselsettingsgrad i aldersgruppa 40-55 år, her har 83,8 prosent inntektsgivande arbeid. Ganske mange unge mellom 15-19 år har arbeid, heile 46,7 prosent. Også blant dei mellom 67 og 74 år er det ein relativt stor del på 22,8 prosent som er sysselsett.
Andelen sysselsette i arbeidsdyktig alder kan variere stort frå kommune til kommune, men generelt er sysselsettingsgraden høgare på Vestlandet og i Midt-Noreg enn på Austlandet og i Nord-Noreg. I Møre og Romsdal er det Stranda kommune som har høgast sysselsetting både blant menn og kvinner og har ein samla sysselsettingsgrad på 72,5 prosent.
Hareid kommune har lågast sysselsettingsgrad med 64,1 prosent, deretter følger Sunndal kommune med 64,2 prosent. Hareid er likevel den kommunen, saman med Ulstein kommune, som har hatt størst auke i sysselsettingsgrad frå 4. kvartal 2023 til 4. kvartal 2024. Begge med ein auke på 1,4 prosentpoeng. Halvparten av kommunane hadde auke i sysselsettingsgraden denne perioden.
Sysselsettingsgraden er til ein viss grad påverka av alderssamansettinga i befolkninga. Viss kommunen har ein relativ stor andel av befolkninga i aldersgruppa 15 til 25 år eller 67 til 74 år vil det resultere i ein lågare sysselsettingsgrad.
Les meir om befolkninga si tilknyting til arbeidsmarknaden på fylkeskommunen sine nettsider om kompetansebehov i Møre og Romsdal.
*Definisjonen av sysselsette er internasjonalt bestemt gjennom FN-organisasjonen ILO; Personar som har utført inntektsgivande arbeid av minst éin times varigheit i den uka SSB gjer målinga. I tillegg reknast personar som har eit slikt arbeid, men som var midlertidig fråverande grunna sjukdom, ferie, lønna permisjon e.l. Personar som er inne til førstegongs militærteneste og personar på sysselsettingstiltak blir og rekna som sysselsette.