Auke i gjestedøgn, også i skuldersesongen
2023 var eit normalår utan restriksjonar og unntakstilstandar på grunn av Covid-19 og besøkstrafikken var tilbake på 2019-nivå og vel så det. Dette betyr at vi endeleg kan sjå på utviklinga i to påfølgande år og ikkje må samanlikne dagens tall med tall frå 2019.
Møre og Romsdal hadde i 2024 totalt 1 822 674 kommersielle overnattingar (hotell, campingplassar, hyttegrender og vandreheimar). Same tal for 2023 var 1 742 004. Dette inneber ein auke på 4,6 prosent frå 2023 til 2024. Norske besøkande utgjer 62,7 prosent (1 142 157) av gjestedøgna for 2024. Dette representerer ein auke på 0,9 prosent frå 2023. Talet på internasjonale gjestedøgn i same periode har auka med 11,5 prosent (frå 610 376 i 2023 til 680 517 i 2024). Dette inneber at auken frå 2023 til 2024 hovudsakleg kjem frå internasjonale gjestedøgn.
Det har i fleire år vore arbeidd med sesongforlenging. Det er derfor gledeleg å registrere at trafikken i perioden april, mai, september og oktober i 2023 til same periode i 2024, har auka med 11,2 prosent. Denne auken er vesentleg høgare enn den årlege veksten frå 2023 til 2024 som er på 4,6 prosent.
Tal i perioden januar – juli 2025 viser ein auke i samla tal overnattingar på 3,3 prosent (1 160 923) samanlikna med same periode i 2024.
Tyskland er framleis den viktigaste marknaden for fylket. I 2024 innebar dette 228 670 gjestedøgn (auke på 10,9 prosent). Elles er Sverige (57 769), Nederland (55 411) og USA (51 860) viktige marknadar for oss.
Solid auke i verdiskapinga i reiselivsnæringa
Verdiskapinga i reiselivet i Norge aukar og var allereie i 2022 tilbake på same nivå som før pandemien. Samla verdiskaping for reiselivsnæringa i Norge i 2023 var på heile 115 milliardar kroner som er ein auke på 28,9 prosent frå 2022.
I Møre og Romsdal hadde reiselivsnæringa i 2023 ei verdiskaping på totalt 4,3 milliardar kroner. Dette er ein auke frå 2022 på heile 64,4 prosent (frå 2,6 milliardar i 2022). Serveringssektoren hadde den største verdiskapinga med 1,5 milliardar kroner, tett etterfølgd av transportsektoren som hadde ei verdiskapinga på 1,47 milliardar kroner og overnattingssektoren som hadde ei verdiskaping på 764 millionar kroner.
Vestland hadde til samanlikning i 2023 ei verdiskaping på 14,9 milliardar kroner og Rogaland ei verdiskaping på 9,7 milliardar kroner. Marknadsføring av Vestlandet internasjonalt skjer hovudsakleg gjennom vårt felles landsdelselskap Fjord Norge AS.