Gradvis betring av tannhelsa – men utfordringar i ungdomsåra
Den langsiktige trenden viser at tannhelsa til barn og unge i Møre og Romsdal gradvis blir betre, i tråd med utviklinga nasjonalt. Målt i fråvær av karies, er det framgang for 3-, 5-, 12- og 15-åringar, medan 18-åringane viser ein nedgang frå året før.
Tannhelsa for indikatorårskulla 3- og 5-åringar er betre enn landsgjennomsnittet, medan 15- og 18-åringar har dårlegare tannhelse samanlikna med resten av landet. Statistikken for 18-åringane viser ei forverring i 2024.
Sjølv om fleire 18-åringar har karieserfaring, har delen med høg karieserfaring gått ned frå 11,1 prosent i 2019 til 7,7 prosent i 2024. Tala viser at fleire har karies, men færre har omfattande tal tenner med karieserfaring.
Det er store forskjellar mellom kommunane, med ein variasjon frå 15 til 33 prosent kariesfrie 18-åringar, og eit fylkessnitt på 24 prosent mot 33 prosent nasjonalt. Forverringa i ungdomsåra kan ha samanheng med større fridom i kosthald og ansvar for eigen tannpuss, og påverkast av demografiske og sosioøkonomiske forhold.
Møre og Romsdal hadde det høgaste tilsynet av 18-åringar i landet med 96 prosent under tilsyn i 2024. Dei øvrige fylka hadde lågare tilsynsgrad, nokre nede mot 60 prosent. Dette kan påverke statistikken i fylkesoversikten, utan å forklare ei negativ utvikling i tala for 18-åringane i fylket.