8. Kultur

Frivilligundersøkinga

Frivillig sektor kartlagt i 2024

Kartlegging av frivillig sektor i fylket ble gjennomført av Telemarksforskning i 2024 og rapporten kom i 2025. https://www.telemarksforsking.no/undersokelse-av-frivillig-sektor-i-more-og-romsdal/ Funna er analysert og summert opp i ein felles rapport for heile fylket samt for kvar kommune. 29 prosent av 3 162 frivillige lag og organisasjonar i fylket svarte og det blei gjennomført intervju med alle kommunane i fylket. Nokon av resultata blei presentert i Fylkesstatistikken for 2024.

Organisasjonane har stor betydning i lokalsamfunna

Organisasjonane vurderer samfunnsnytta si som stor. Heile 98,7 prosent av organisasjonane er einige i påstanden om at innsatsen til organisasjonen fører til auka trivsel og livskvalitet. Dei fleste er også einige i at frivillige lag og organisasjonar er viktige supplement til kommunen sine velferdstenester (96,4 prosent), samt at innsatsen fremjar folkehelse (89,5 prosent) og hindrar utanforskap (87,5).

Over halvparten av organisasjonane har eit samarbeid med kommunen

Det er liten skilnad på graden av samarbeid mellom organisasjonar som retter seg mot ulike aldersgrupper, men det er større skilnad når det gjelder type aktivitet. Vi kan sjå at organisasjonar innan idrett og kultur samarbeider mest med kommunen. Det er også her vi finn størst del som har eit formalisert samarbeid i form av samarbeidsavtale.

Organisasjonane som jobbar med barn og unge er mindre tilfredse med samarbeidet med kommunen enn dei som jobbar med vaksne og eldre. Organisasjonar som jobbar med ulike former for kultur, er mest fornøgde med samarbeidet. Organisasjonar som jobbar med helse og sosiale oppgåver, er også relativt tilfredse. På den andre sida av oversikta finn vi at speidarar og 4H er minst fornøgde med samarbeidet. Her synest berre ein av tre organisasjonar at dette er godt, medan 17 prosent meiner det er dårleg. Vi kan også sjå at nesten ein av fem tru- og livssynsorganisasjonar synest samarbeidet er dårleg.

15 prosent av organisasjonar gjennomfører konkrete oppgåver for kommunane. Det er i størst grad organisasjonar som jobbar med natur og helse/sosial som gjer konkrete oppgåver for kommunen. På motsett side kan vi sjå at ingen tru- og livssynsorganisasjonar gjer dette og få organisasjonar innan speiding og 4H.

Kommunane har behov for samarbeid med frivillige om offentlege tenester

19 av 26 kommunar hadde samarbeid med frivillige om offentlege tenester, medan fem kommunar svarar «nei» og tre kommunar svarar «veit ikkje». Det er flest som har samarbeid knytt til idrett og kultur, men det er òg mange som har samarbeid knytt til helse- og sosialtenester, natur og friluftsliv, kulturarv og kulturmiljø, skule og oppvekst og naturmiljø og stadutvikling.

Når det gjeld meir konkrete døme på kva slags tenester det blir samarbeidd om, blir det mellom anna vist til besøkstenester, hjelp på dagsenter, utkøyring av mat og liknande.

På spørsmål om på kva samfunnsområde kommunen vil trenge meir innsats frå frivillig sektor i tida som kjem, er det integrering/inkludering og helse- og sosialtenester som flest kommunar nemner. Det verkar òg som det er behov for meir frivilligheit innan skule og oppvekst enn det som er tilfellet i dag.

Organisasjonane har behov for bistand

68,7 prosent av frivillige organisasjonar meinte det hadde vore nyttig at kommunen bidrog med hjelp til å søke midlar. Samt tilrettelegging av møteplassar mellom kommunen og frivilligheita og mellom frivillige organisasjonar.

Dei regionale organisasjonane har ønske om at fylkeskommunen bidrog med hjelp til å søke midlar, samt tilrettelegging av møteplassar mellom fylkeskommunen og frivilligheita og mellom frivillige organisasjonar. Det er altså dei same forholda lokale og regionale organisasjonar er mest opptekne av.

Forrige tema:
Neste tema: