9. Utdanning og kompetanse

Fagopplæring - søkarar og formidling

Stabil søking til fagopplæring i bedrift

Søkinga til fagopplæring i bedrift har i Møre og Romsdal vore stabil dei siste skuleåra. Til skoleåret 2025/2026 søkte 1 224 personar fagopplæring, ein nedgang på 10 søkarar frå skoleåret 2024/2025. Flest søkte seg til Teknologi- og industrifag, heile 475 søkarar søkte desse faga til skoleåret 2025/2026. Etter Teknologi- og industrifag er det Elektro og datateknologi og Bygg- og anleggsteknikk som er dei mest populære tilboda, med høvesvis 196 og 151 søkarar. Det er ein nedgang i talet på søkarar til fagopplæring i Helse- og oppvekstfag, til skoleåret 2025/2026 er det 138 søkarar mot 155 søkarar til skoleåret 2024/2025. Med tanke på dei store behova ein har framover for faglært personell i helsesektoren, er dette ei lite heldig utvikling. Det var til samanlikning 203 søkarar til dette faget, skoleåret 2021/2022.

Søkinga til fagopplæring varierer for den enkelte kommune

Det er nok fleire årsaker til at søkinga til fagopplæring varierer med utgangspunkt i kva for kommune elevane kjem frå. Elevtalet i grunnskolen i det enkelte årskullet kan vere ein viktig faktor som påverkar søkinga til fagopplæringa. Eit anna forhold er andelen elevar som vel yrkesfag i vidaregåande opplæring. Trass i ein liten nedgang i søkinga til fagopplæring skoleåret 2025/2026, er det fleire kommunar der talet elevar som har søkt fagopplæring aukar. Eit døme på dette er elevar frå Herøy, der søkte 65 elevar til fagopplæring skoleåret 2025/2026 mot 35 skoleåret 2024/2025. Eit anna døme kan vere Vestnes der det var 36 søkarar til skoleåret 2024/2025, noko som har auka til 50 søkarar til skoleåret 2025/2026.

Forrige tema:
Neste tema: