17. Kommuneøkonomi

Sektorvise netto driftsutgifter

Mest til helse og omsorg

Helse- og omsorgssektoren er det området der kommunane brukar mest ressursar. Med ei aldrande befolkning vil behovet for kommunale helse- og omsorgstenester auke i åra som kjem. Samstundes har det vore ein vedvarande vekst i ressurskrevjande tenester innan helse, pleie og omsorg – særleg retta mot yngre brukargrupper. Denne utviklinga skaper eit aukande press på sektoren. Grunnskulen er det nest største området, etterfølgt av barnehagesektoren. Til saman står desse tre sektorane for om lag 65 prosent av kommunane sine brutto driftsutgifter.

Meir informasjon om kommuneøkonomi finn du i den årlege rapporten til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal om «Utviklinga i kommuneøkonomien».

Utviklinga i kommuneøkonomien 2024 | Statsforvaltaren i Møre og Romsdal

Forrige tema:
Neste tema: