4. Sysselsetting og næringsliv

Sysselsetting menn og kvinner

Nær 1 av 5 kvinner jobbar i midlertidige stillingar

I 4. kvartal 2024 arbeidde 17,3 prosent av alle sysselsette kvinner i Møre og Romsdal i midlertidige stillingar. Det vil seie at 10 378 kvinner har eit slikt tilsettingsforhold. Til samanlikning er det 10,9 prosent eller 7 076 av mennene som er i same situasjon. SSB definerer ei midlertidige stilling som eit arbeidsforhold som er avtalt for ein bestemt tidsperiode eller for eit bestemt arbeid, og dette skal vere avklart i kontrakten mellom arbeidsgivar og arbeidstakar. Dette representerer ein svakare tilknyting til arbeidslivet enn dei som har faste stillingar og kan sjølvsagt gjere det vanskeleg å ta på seg økonomiske forpliktingar som til dømes eit bustadlån.

Det er i helse- og sosialtenestene at det er flest som er tilsett i midlertidige stillingar. I 4. kvartal 2024 var det 28,5 prosent av mennene og 24,1 prosent av kvinnene sysselsette i helsesektoren i fylket, som var tilsette i midlertidige stillingar. I tillegg til helsesektoren er det òg i næringane personleg tenesteyting og overnattings- og serveringsverksemd mange som er tilsette i midlertidige stillingar. Fleire av næringane er nok prega av sesongar som krev høgare bemanning, næringa overnatting og serveringsverksemd er eit døme på ei slik næring.

Ein framleis delt arbeidsmarknad

Når det kjem til val av yrke etter kjønn så er det framleis klare skilnader i arbeidsmarknaden i fylket. Spesielt ser vi dette i sekundærnæringane og helse- og sosialtenestene. I sekundærnæringane arbeider 39,6 prosent av alle sysselsette menn, til samanlikning jobbar berre 10,4 prosent av kvinnene i denne næringa. I helse- og sosialtenestene er kvinnene i overtal, i denne næring arbeider 39,4 prosent av alle sysselsette kvinner i fylket mot berre 7,5 prosent av mennene. Kvinnene er i overtal i undervisning med 11,7 prosent av sysselsette kvinner, mens berre 4,3 prosent av mennene jobbar i næringa undervisning.

Forrige tema:
Neste tema: