Markant vekst i pasientgrunnlaget – styrkt satsing og utvida rettar
Den offentlege tannhelsetenesta i Møre og Romsdal har dei siste tre åra hatt ein markant vekst i pasientgrunnlaget – med ein auke på heile 38 prosent. Dette tilsvarar om lag 25 000 nye pasientar med rettar etter tannhelsetenestelova.
Gjennom ei målretta satsing på å styrke tenesta har fleire grupper fått lovfesta rett til offentleg finansiert tannbehandling. Den største auken har kome i gruppa unge vaksne med rett til 75 prosent rabatt på Helse- og omsorgsdepartementets takstar. Etter lovendringar i 2024 og 2025 er denne gruppa utvida frå to til ti årskull, og omfattar no 19–28-åringar.
Utvidinga er eit uttrykk for eit politisk ønske om å gjere tannhelsetenester meir tilgjengelege og likestilte med andre helsetenester. Samstundes stiller utvidinga store krav til både kapasitet og kvalitet, og viser behovet for ei robust og berekraftig offentleg tannhelseteneste.
Bruken av tilbodet er aukande. I 2024 nytta 64 prosent av 19–20-åringane seg av tilbodet, ein liten nedgang frå 68 prosent året før. Samstundes nytta 30 prosent av 21–24-åringane tilbodet dei fekk rett til frå 1. juli 2024. Med vidare utviding til 25–28-åringar frå 1. juli 2025, er det venta ytterlegare pågang og vekst i pasienttalet som nyttar tenestene framover.