Jamn vekst i detaljhandelen dei siste 10 åra
Det har dei siste 10 åra vore ein jamn vekst i omsetninga i detaljhandelen. Dette med unntak av ein kraftig auke i omsetninga i næringa frå 2019 til 2020. Hovudårsaken til denne auken må nok tilskrivast Covid-19 pandemien som kom tidleg på året i 2020. Med stopp i alle utanlandsreiser og mykje av kultur- og opplevingstilbodet som følge av pandemien vart meir pengar brukt i detaljhandelen innanlands. I Møre og Romsdal auka omsetninga i detaljhandelen frå 28 320 millionar i 2023 til 29 458 millionar i 2024, ein auke på 1 138 millionar kroner eller 4,1 prosent. Nasjonalt auka omsetninga frå 624 075 millionar kroner i 2023 til 648 547 millionar kroner i 2024. Dette gir ein auke i omsetninga i detaljhandelen nasjonalt på 24 472 millionar kroner eller 3,9 prosent. Veksten i detaljhandelen frå 2023 til 2024 er med andre ord noko sterkare i Møre og Romsdal enn for landet som heile.
Redusert omsetning i bilbransjen
Det har vore ein nedgang i omsetninga i bilbransjen i fylket dei siste åra. I 2022 var omsetninga i næringa «Handel med og reperasjon av motorvogner*» på 13 824 millionar kroner, dette sokk til 13 299 millionar i 2023. Omsetninga i næringa gjekk ytterlegare ned til 12 303 millionar kroner i 2024, ein nedgang på 996 millionar kroner eller 7,5 prosent frå 2023.
Siste året viser utviklinga ein vekst i omsetninga nasjonalt – i motsetnad til i Møre og Romsdal. Omsetninga nasjonalt auka frå 352 374 millionar i 2023 til 371 454 millionar kroner i 2024. Auka rente dei siste åra kan vere ein årsak til variasjonane i omsetninga i bilbransjen. Omsetninga av kapitalvarer er følsame for endringar i rentenivået.
* Inkluderer detaljhandel med nye og brukte motorkøyretøy, inkludert elektriske køyretøy; passasjerkøyretøy, campingkøyretøy slik som campingvognar og bubilar. Det omfattar også detaljhandel med off-road motorkøyretøy og tilhengarar til motorkøyretøy.