15. Bustadmarknaden

Omsette bustadar og fritidseigedommar

Ein liten nedgang i talet på omsette bustadar

Det var ein liten nedgang i talet på omsette bustadar i 2024 samanlikna med i 2023. I 2024 vart det omsett 3 960 bustadar mot 4 023 bustadar i 2023, ein nedgang på -63 bustadar eller -1,6 prosent. Det kan sjå ut som talet på omsette bustadar no har stabilisert seg litt, nedgangen i talet på omsette bustadar er ikkje like stor frå 2023 til 2024 som den har vore åra før. Det vart til samanlikning omsett 4 187 bustadar i 2022 og 4 561 bustadar i 2021. Høgare rentenivå og meir uro i økonomien er nok den viktigaste årsaka til at talet på omsette bustadar har gått ned dei siste åra.

Stor variasjon i bustadprisane kommunane mellom

I 2024 var det høgast gjennomsnittleg pris på dei omsette bustadane i Ålesund kommune. Den gjennomsnittlege kjøpesummen på bustadar i Ålesund var på 3 921 592 millionar kroner, tett følgt av Molde der den gjennomsnittlege kjøpesummen same år var 3 917 534 millionar kroner. I 13 av kommunane i fylket var den gjennomsnittlege kjøpesummen over 3 millionar kroner. Den gjennomsnittlege kjøpesummen for bustadar i fylket som heile var i 2024 på 3 341 076, noko som er ein nedgang på -2,5 prosent frå 2023.

Status Quo i fritidsbustadmarknaden

Det vart omsett 392 fritidseigedommar i Møre og Romsdal i 2024 mot 393 bustadar i 2023. Etter eit veldig stort sal av fritidseigedommar under pandemien ser det no ut som marknaden har stabilisert seg. I 2021 vart det til samanlikning selt 620 fritidseigedommar i fylket. Salet av fritidseigedommar var vel kunstig høgt under pandemien, men mykje av nedgangen i salet dei siste par åra kan nok tilskrivast eit høgare rentenivå og elles ein meir uroleg og uføreseieleg økonomi.

Forrige tema:
Neste tema: