4. Sysselsetting og næringsliv

Utvikling i kommunane

Ulik vekst i sysselsettinga i kommunane

Frå 4. kvartal 2023 til 4. kvartal 2024 vaks sysselsettinga i fylket med 920 personar eller 0,7 prosent. Veksten i sysselsettinga i kommunane i fylket varierer, samansettinga av arbeidsmarknaden lokalt vil ha mykje å seie for utviklinga. Næringssamansettinga i det private næringslivet vil vere avgjerande, konjunktursvingingar som rammar enkelte bransjar/næringar kan ha betydning for sysselsettinga i den enkelte kommune. Til dømes har delar av bygg- og eigedomsnæringa slitt dei siste åra, noko som kan påverke sysselsettinga lokalt. Eit anna døme er kommunar der fleire aktørar i lokalt næringsliv jobbar opp mot oljenæringa. Sysselsettinga kan då varierer etter svingingane i oljeprisen og aktiviteten elles i næringa. Utviklinga kan også vere påverka av kor godt kommunen legg til rette for næringsverksemd i kommunen, til dømes gjennom planarbeidet.

Høgast prosentvis vekst i sysselsettinga frå 4. kvartal 2023 til 4. kvartal 2024 var det i Averøy med ein vekst på 8,0 prosent. Det vil seie at 174 fleire er sysselsett i Averøy i 4. kvartal 2024 enn kva som var tilfelle i 4. kvartal 2023. Størst nedgang i sysselsettinga var det i Vanylven med -4,2 prosent.

Det var 9 kommunar i fylket som hadde nedgang i sysselsettinga frå 4. kvartal 2023 til 4. kvartal 2024. Då reknar vi ikkje med Ålesund som har ein nedgang i talet sysselsette som skuldast at Haram frå 1. januar 2024 vart eigen kommune. I denne perioden var det 11 kommunar i fylket som hadde høgare vekst enn snittet for landet.

Høgast vekst i Aukra siste tre åra

Frå 4. kvartal 2021 til 4. kvartal 2024 var den prosentvise veksten i sysselsettinga høgast i Aukra. I denne perioden vaks sysselsettinga i Aukra med 12 prosent. Etter Aukra er det Sunndal som har hatt best vekst med 8,1 prosent. Størst nedgang desse åra var det på Smøla med -5,3 prosent. Sysselsettinga samla for fylket vaks med 2,5 prosent denne perioden, noko som er svakare enn veksten nasjonalt på 3,7 prosent. Det var 9 kommunar i fylket som hadde høgare vekst i sysselsettinga frå 4. kvartal 2021 til 4. kvartal 2024 enn snittet for landet.

Forrige tema:
Neste tema: